TISA gjer at Noreg må avregulere endå meir

Handelskampanjen meiner regjeringa sitt nye tilbod i TISA-forhandlingane opnar for meir avregulering enn opningstilbodet.

(Sak i Nationen 13.05.2016)

Handelskampanjen meiner regjeringa sitt nye tilbod i TISA-forhandlingane opnar for meir avregulering enn opningstilbodet.

Regjeringa har nyleg offentleggjort Noregs reviderte tilbod i dei pågåande internasjonale forhandlingane om ein ny tenesteavtale ( TISA).

Helene Bank, som leiar Handelskampanjen, kritiserer tilbodet for å opne for endå meir avregulering enn kva opningstilbod gjorde.

- Mange av presiseringane i tilbodet kan innebere ei auka avregulering jamført med fyrste tilbod. Medan dei i det fyrste tilbod tok generelle unntak for heile sektorar, tek dei no unntak på unntaka, seier ho.

Ho seier det største demokratiske problemet er at regjeringa i tilbodet syner til hovudrammeverket for TISA-forhandlingane, som dei igjen held hemmeleg.

- Då veit vi jo ikkje kva desse nye lovnadene frå regjering tyder, seier Bank.

Norske unntak

TISA-forhandlingane, som omfattar rundt 50 land, har som føremål å gjere det til hovudregel å ikkje forskjellsbehandle utanlandske tenesteleverandørar innanfor eigne grenser. Sektorar der hovudregelen ikkje skal gjelde, må listast opp i avtalen.

Det norske opningstilbodet vart lagt fram av dagens regjeringa i 2013 og listar opp sektorar der Noreg krev unntak frå forbodet mot forskjellsbehandling. Det gjaldt for sjukehustenester og andre offentleg finansierte helse- og sosialtenester, og grunnutdanning til og med vidaregåande.

Det reviderte tilbodet inneheld ifølgje regjeringas nettsider «endringer som bedre reflekterer listeføringsmetoden som er tatt i bruk i TISA» og «en del tekniske korreksjoner i tillegg til enkelte presiseringer som vil gjøre tilbudet enklere å lese og mer gjenkjennelig for andre partar».

Kritikarane av avtalen har frykta at TISA skal låse noverande og framtidige politikarar til å privatisere og konkurranseutsetje velferdstenester.

Det har fleire gonger vorte avvist av regjeringspartia. Bank er likevel ikkje roa etter å ha sett det reviderte tilbodet.

Framleis uroleg

- Det ser ut som dei har teke nokre formuleringar rett frå kritikken som har kome, men når vi ser korleis dei er skrivne inn, medfører presiseringane på nokre felt, liberalisering på andre, seier ho.

Ho brukar utdanningstenester som døme. Det reviderte tilbodet presiserer at unntaket frå forskjellsbehandling skal gjelde eitkvart tiltak knytt til utdanningstenester på grunnskule- og vidaregåande nivå, bortsett frå det som gjeld konsumpsjon utanlands.

- Før har vi hatt unntak for alle måtar å levere utdanning på, men no spesifiserer vi berre unntak for tre av fire måtar, seier ho.

I det nye tilbodet skriv regjeringa at tenester ytt i offentleg regi skal unntakast frå hovudregelen i ein TISA-avtale. Det står også at Noreg vil halde på retten til å etablere, vedlikehalde og utøve si nasjonale lovgiving for å oppnå legitime politiske målsetjingar innanfor område som forbrukarvern, helse, utdanning og miljø.

Heller ikkje det roar Bank.

- Problemet er at regjeringa har sagt at ei offentleg teneste i TISA berre gjeld der det ikkje finst private alternativ. Då vert det ikkje mykje att, seier ho.

Ho seier det heller ikkje er klart kven som skal definere kva som skal reknast som «legitime politiske mål» - så lenge ein ikkje veit korleis tvistar skal løysast i TISA, og om selskap får føre sak mot stat og folkestyre.

- USA hatar jo føre-var-prinsippet Europa har i miljø- og helsepolitikk og meiner det er både uvitskapleg og ikkje legitimt, seier ho.

Utanriksdepartementet er informert om kritikken frå Handelskampanjen, men hadde ikkje høve til å kommentere desse innan Nationen gjekk i trykken torsdag.

Handelsforhandlingar

Fakta:

TISA: 

Står for Trade in services agreement, og er ein internasjonal avtale om handel med tenester, som Noreg har forhandla om sidan 2013, saman med EU, USA og 20 andre land. Forhandlingspartnarane representerer om lag 70 prosent av verdas tenestemarknad.

Byggjer på GATS-avtalen og spring ut av manglande framdrift i forhandlingane om Doha-runden i WTO. Vert forhandla utanfor WTO-systemet.

Regjeringa har offentleggjort den norske opningsposisjonen for forhandlingane, og publiserte denne veka Noregs reviderte tilbod i forhandlingane, datert 9. mai.

Neste utveksling av tilbod skal etter planen gå føre seg hausten 2016, ifølgje regjeringen.no

WikiLeaks har i fleire omgangar publisert dokument frå forhandlingane.

 

Tips andre om artikkelen

Send til flere mottakere med komma mellom adressene


smartedit