Kampen for lokalsjukehusa - distriktspolitikk eller fag?

"Målsettinga om lik tilgang på helsetenester er vidareført på papiret i den nye Lov om Helseføretak, men i praksis er situasjonen iferd med å endre seg." Innledning av Siv Enerstvedt i Aksjonen Forsvar Lærdal Sjukehus, på For velferdsstatens sykehuskonferanse 8. september 2003.

Gode forsamling.

Innledningsvis vil eg seie at ingen i styringsgruppa for Aksjonen Forsvar Lærdal Sjukehus har nokon tilknyting til helsevesenet på profesjonell basis. Eg står her som representant for den viktigaste og største gruppa innanfor helsevesenet, og det er brukarane.

Først ein definisjon av begrepa distriktspolitikk og fag. Gyldendals fremmedordbok definerer begrepet politikk som retningslinjer statsmenn følger for å gjennomføre sine ideer og offentlige eller kommunale saker. Formann Mao har sagt at politikk er krig uten våpen - og i disse valkamptider er kanskje det ein like god definisjon. Politikk er i alle fall ein måte og utøve makt på.

Fag velger eg i denne sammenheng å definere som utøvelse av eit yrke du er opplært i å praktisere. Mine 2 med-debattanter representerer dermed faget.

Når det gjeld problemstillinga distriktspolitikk eller fag, dreier det seg etter mitt syn ikkje om eit enten/eller men eit både/og. Mens politikken og politikaren skal ha det store overblikket og ivareta heile samfunnsmaskineriet, konsentrerer fagmiljøet og fagpersonane seg om sitt avgrensa område.

Til dømes kan ikkje fødeavdelingane som er nedleggingstrua sjåast på isolert. Dei er ein del av eit, pr i dag, fullverdig sjukehus, eit lokalsamfunn og ein region. Ein fødsel er ikkje eit isolert medisinsk fenomen, men ei hending som påverkar både foreldre, resten av familien og også lokalsamfunnet på mange måtar. Det same gjeld for akutt-funksjonane. Avstand til næraste sjukehus med akutt-beredskap kan vera forskjellen på liv og død.

Politikk eller fag

Ved innføring av sjukehusreformen vart mykje makt og innflytelse flytta frå folkevalde organ, som fylkesting og storting, til styra i helseforetaka. Av uttaler gitt i etterkant får ein inntrykk av at stortingspolitikarane, då reformen vart vedteken, ikkje innsåg kor mykje av styringa av helsevesenet dei gav frå seg. Mange fagre ord falt i debatten, f.eks at eksisterande fødetilbod skulle oppretthaldast, at tilgang på gode helsetenester var eit overordna mål, at nivåinndelinga i fødselsomsorgen var retningsgivande og ikkje absolutte , også vidare, også vidare.

I vedtaket som vart fatta, er ingen atterhald tekne, og dermed har ein overført nærast all makt til styra i dei 5 helseføretaka. Dette kan sjåast på som ei flytting frå politisk farga beslutningar til eit system der det faglege er meir vektlagt.

Min påstand er at eit utslag av denne måten å styre helsevesenet på i sin ytterste konsekvens kan vera ein trussel mot demokratiet. Vi har fortsatt eit offentleg helsevesen her i landet, og retten til lik tilgang på helsetenester av god kvalitet, uavhengig av kor du bur og kva du tener har vore eit av kjenneteikna på det landet som av FN er karakterisert som eit av verdas beste land å bu i. Målsettinga om lik tilgang på helsetenester er vidareført på papiret i den nye Lov om Helseføretak, men i praksis er situasjonen iferd med å endre seg.

Helsedepartementet ved Helseminister er riktig nok generalforsamling for helseføretaka, men som me alle veit skal det svært mykje til før generalforsamlinga går inn og overprøver sitt eige styre.

I arbeidet med å oppretthalde fødeavdelinga ved vårt sjukehus, har me prøvd å koma i dialog både med styret i Helse Førde som er vårt lokale helseføretak, med styret i Helse Vest som er vårt regionale føretak og direkte med Helseministeren. Det har ikkje vore lett å koma i inngrep med styrene i føretaka. Uttallige henvendelsar og innspill er gjort, av oss og mange andre, men det er som å stange hovudet mot ein mur. Dette er ein av verknadane av den nye organiseringa av helsevesenet. Dei har ingen plikt til å kome med svar på innspill, dei har til og med praktisert lukka styremøter fram til no. Lukka styremøter blir det heldigvis slutt på neste år.

Ord som funksjonsfordeling, bedre utnytting av ressursane, samordning, kompetanseheving, meir helse for kvar krone og liknande trylleformular har vore rådande innanfor systemet den siste tida. (Dette gjeld også andre offentlige vesen som for eksempel post og veg.)

Dette er ei utvikling som har vore og er politisk styrt.

For å få befolkningen til lettare å akseptere retninga helseomsorgen vår går i, har politikarane plukka fagfolk som stettar deira eige syn på den vidare utviklinga. I etterkant kan dei så seie at det ligg faglege begrunnelsar for dei vedtak som vert fatta.

I prosessen for å få nedlagt fødeavdelingar på diverse sjukehus er det Nasjonalt Råd for Fødselsomsorg som har vore verktøyet som har blitt nytta.

Nasjonalt Råd for Fødselsomsorg er i denne saka like nøytrale som Statens Tobakkskaderåd er når det gjeld røyking. Forskjellen er at medan nærast 100% av fagfolkene er samde når det gjeld faren ved røyking, så er det svært ulike syn blant fagpersonar når det gjeld strukturendringar og liknande ved sjukehusa våre.

Den nye måten helsevesenet er organisert på, har som tidlegare sagt, ført til ei maktforskyvning. Denne forskyvinga har ført til mindre muligheter for innbyggarane til å påverke utviklinga. Vår aksjon for eksempel, opplevde ein massiv støtte, ikkje berre frå innbyggarar, bedriftsleiarar, organisasjonar og leiinga i kommunane i heile regionen, men også frå dei lokale politiske partia. Men det hjelper så lite når lokalpartia i neste instans vert overkøyrde, eller ikkje vert høyrde på, av partiet sitt sentralt.

Det er fødeavdelingar og akuttfunksjonar som fram til no har vore mest utsett for trussel om nedlegging. Akuttfunksjonane ved sjukehusa ivaretar behovet for rask behandling om ulykka skulle vera ute. Store produksjonsbedrifter, som for eksempel Hydro i Årdal og Optocompo i Odda har krav på seg frå styresmaktene når det gjeld nærhet til akuttberedskap. Likevel har det allerede vore gjort forsøk på nedlegging av akuttfunksjonane i sjukehuset som er plassert nærmast desse bedriftene.

Dei siste 20 åra har talet på fødeinstitusjonar gått frå ca 160 i antall og til i dag å ligge på rundt 60. Vi er mange som meiner det no er på tide å sjå på andre løysingar enn vidare nedbygging.

Stortingsmelding nr. 43 (1999-2000) stadfester at eit overordna mål er eit desentralisert fødetilbod. Korleis kan dette harmonere med ei stadig reduksjon i fødetilbodet?

At ein f.eks i min heimkommune skal måtte reise ei strekning tilsvarande turen frå Oslo til Gjøvik for å føde er ikkje akseptabelt i 2003.

Me kjenner dei faglege argumenta for sentralisering av fødetenestene, men har, ved hjelp av andre fagfolk, samt statistikkar, påvist at det ikkje finst eintydige konklusjonar på at det er meir risikabelt å føde på mindre sjukehus enn større.

Det som derimot er heilt sikkert, er at om ein byrjar å plukke vekk tilbod ved småsjukehusa, så blir det færre funksjonar å fordele dei faste kostnadane på, og på sikt kan dermed heile sjukehuset stå i fare for å bli nedlagt. Det kallar eg dårleg distriktspolitikk og elendig utnytting av fag-kompetansen i distrikta.

Avslutningsvis vil eg seie følgande;

-Fagmiljøene både bør og skal bidra med sitt. Men det største ansvaret kviler på politikarane. Faglege innspel frå ulikt hald, med ulike synspunkt bør innhentast og samanfattast med dei samfunnsmessige konsekvenser som t.d. ei strukturendring i helsevesenet vil få.

Politikarane kan ikkje skyve frå seg sitt overordna ansvar i saker som dette.

Tips andre om artikkelen

Send til flere mottakere med komma mellom adressene


smartedit