Kampen for lokalsjukehusa – distriktspolitikk eller fag?

av | sep 8, 2003 | Helse og omsorg

Gode forsamling.

Innledningsvis vil eg seie at ingen i styringsgruppa for
Aksjonen Forsvar Lærdal Sjukehus har nokon tilknyting til
helsevesenet på profesjonell basis. Eg står her som
representant for den viktigaste og største gruppa innanfor
helsevesenet, og det er brukarane.

Først ein definisjon av begrepa distriktspolitikk og fag.
Gyldendals fremmedordbok definerer begrepet politikk som
retningslinjer statsmenn følger for å
gjennomføre sine ideer og offentlige eller kommunale saker.
Formann Mao har sagt at politikk er krig uten våpen – og
i disse valkamptider er kanskje det ein like god definisjon.
Politikk er i alle fall ein måte og utøve makt
på.

Fag velger eg i denne sammenheng å definere som
utøvelse av eit yrke du er opplært i å
praktisere. Mine 2 med-debattanter representerer dermed faget.

Når det gjeld problemstillinga distriktspolitikk eller
fag, dreier det seg etter mitt syn ikkje om eit enten/eller men eit
både/og. Mens politikken og politikaren skal ha det store
overblikket og ivareta heile samfunnsmaskineriet, konsentrerer
fagmiljøet og fagpersonane seg om sitt avgrensa
område.

Til dømes kan ikkje fødeavdelingane som er
nedleggingstrua sjåast på isolert. Dei er ein del av
eit, pr i dag, fullverdig sjukehus, eit lokalsamfunn og ein region.
Ein fødsel er ikkje eit isolert medisinsk fenomen, men ei
hending som påverkar både foreldre, resten av familien
og også lokalsamfunnet på mange måtar. Det same
gjeld for akutt-funksjonane. Avstand til næraste sjukehus med
akutt-beredskap kan vera forskjellen på liv og
død.

Politikk eller fag

Ved innføring av sjukehusreformen vart mykje makt og
innflytelse flytta frå folkevalde organ, som fylkesting og
storting, til styra i helseforetaka. Av uttaler gitt i etterkant
får ein inntrykk av at stortingspolitikarane, då
reformen vart vedteken, ikkje innsåg kor mykje av
styringa av helsevesenet dei gav frå seg. Mange fagre ord
falt i debatten, f.eks at eksisterande fødetilbod skulle
oppretthaldast, at tilgang på gode helsetenester var eit
overordna mål, at nivåinndelinga i
fødselsomsorgen var retningsgivande og ikkje absolutte ,
også vidare, også vidare.

I vedtaket som vart fatta, er ingen atterhald tekne, og dermed
har ein overført nærast all makt til styra i dei 5
helseføretaka. Dette kan sjåast på som ei
flytting frå politisk farga beslutningar til eit system der
det faglege er meir vektlagt.

Min påstand er at eit utslag av denne måten å
styre helsevesenet på i sin ytterste konsekvens kan vera ein
trussel mot demokratiet. Vi har fortsatt eit offentleg helsevesen
her i landet, og retten til lik tilgang på helsetenester av
god kvalitet, uavhengig av kor du bur og kva du tener har vore eit
av kjenneteikna på det landet som av FN er karakterisert som
eit av verdas beste land å bu i. Målsettinga om lik
tilgang på helsetenester er vidareført på
papiret i den nye Lov om Helseføretak, men i praksis er
situasjonen iferd med å endre seg.

Helsedepartementet ved Helseminister er riktig nok
generalforsamling for helseføretaka, men som me alle veit
skal det svært mykje til før generalforsamlinga
går inn og overprøver sitt eige styre.

I arbeidet med å oppretthalde fødeavdelinga ved
vårt sjukehus, har me prøvd å koma i dialog
både med styret i Helse Førde som er vårt lokale
helseføretak, med styret i Helse Vest som er vårt
regionale føretak og direkte med Helseministeren. Det har
ikkje vore lett å koma i inngrep med styrene i
føretaka. Uttallige henvendelsar og innspill er gjort, av
oss og mange andre, men det er som å stange hovudet mot ein
mur. Dette er ein av verknadane av den nye organiseringa av
helsevesenet. Dei har ingen plikt til å kome med svar
på innspill, dei har til og med praktisert lukka
styremøter fram til no. Lukka styremøter blir det
heldigvis slutt på neste år.

Ord som funksjonsfordeling, bedre utnytting av ressursane,
samordning, kompetanseheving, meir helse for kvar krone og liknande
trylleformular har vore rådande innanfor systemet den siste
tida. (Dette gjeld også andre offentlige vesen som for
eksempel post og veg.)

Dette er ei utvikling som har vore og er politisk styrt.

For å få befolkningen til lettare å akseptere
retninga helseomsorgen vår går i, har politikarane
plukka fagfolk som stettar deira eige syn på den vidare
utviklinga. I etterkant kan dei så seie at det ligg faglege
begrunnelsar for dei vedtak som vert fatta.

I prosessen for å få nedlagt fødeavdelingar
på diverse sjukehus er det Nasjonalt Råd for
Fødselsomsorg som har vore verktøyet som har blitt
nytta.

Nasjonalt Råd for Fødselsomsorg er i denne saka
like nøytrale som Statens Tobakkskaderåd er når
det gjeld røyking. Forskjellen er at medan nærast 100%
av fagfolkene er samde når det gjeld faren ved
røyking, så er det svært ulike syn blant
fagpersonar når det gjeld strukturendringar og liknande ved
sjukehusa våre.

Den nye måten helsevesenet er organisert på, har som
tidlegare sagt, ført til ei maktforskyvning. Denne
forskyvinga har ført til mindre muligheter for innbyggarane
til å påverke utviklinga. Vår aksjon for
eksempel, opplevde ein massiv støtte, ikkje berre frå
innbyggarar, bedriftsleiarar, organisasjonar og leiinga i kommunane
i heile regionen, men også frå dei lokale politiske
partia. Men det hjelper så lite når lokalpartia i neste
instans vert overkøyrde, eller ikkje vert høyrde
på, av partiet sitt sentralt.

Det er fødeavdelingar og akuttfunksjonar som fram til no
har vore mest utsett for trussel om nedlegging. Akuttfunksjonane
ved sjukehusa ivaretar behovet for rask behandling om ulykka skulle
vera ute. Store produksjonsbedrifter, som for eksempel Hydro i
Årdal og Optocompo i Odda har krav på seg frå
styresmaktene når det gjeld nærhet til akuttberedskap.
Likevel har det allerede vore gjort forsøk på
nedlegging av akuttfunksjonane i sjukehuset som er plassert
nærmast desse bedriftene.

Dei siste 20 åra har talet på
fødeinstitusjonar gått frå ca 160 i antall og
til i dag å ligge på rundt 60. Vi er mange som meiner
det no er på tide å sjå på andre
løysingar enn vidare nedbygging.

Stortingsmelding nr. 43 (1999-2000) stadfester at eit overordna
mål er eit desentralisert fødetilbod. Korleis kan
dette harmonere med ei stadig reduksjon i fødetilbodet?

At ein f.eks i min heimkommune skal måtte reise ei
strekning tilsvarande turen frå Oslo til Gjøvik for
å føde er ikkje akseptabelt i 2003.

Me kjenner dei faglege argumenta for sentralisering av
fødetenestene, men har, ved hjelp av andre fagfolk, samt
statistikkar, påvist at det ikkje finst eintydige
konklusjonar på at det er meir risikabelt å føde
på mindre sjukehus enn større.

Det som derimot er heilt sikkert, er at om ein byrjar å
plukke vekk tilbod ved småsjukehusa, så blir det
færre funksjonar å fordele dei faste kostnadane
på, og på sikt kan dermed heile sjukehuset stå i
fare for å bli nedlagt. Det kallar eg dårleg
distriktspolitikk og elendig utnytting av fag-kompetansen i
distrikta.

Avslutningsvis vil eg seie følgande;

-Fagmiljøene både bør og skal bidra med
sitt. Men det største ansvaret kviler på politikarane.
Faglege innspel frå ulikt hald, med ulike synspunkt
bør innhentast og samanfattast med dei samfunnsmessige
konsekvenser som t.d. ei strukturendring i helsevesenet vil
få.

Politikarane kan ikkje skyve frå seg sitt overordna ansvar
i saker som dette.

Bla i arkiv

Forfatter: <a href="https://velferdsstaten.no/author/for-velferdsstaten/" target="_self">For Velferdsstaten</a>

Forfatter: For Velferdsstaten

Alliansen For velferdsstaten kjemper for å opprettholde og videreutvikle de velferdsgoder og rettigheter som er vunnet gjennom lang tids faglig og politisk kamp her i landet. Vi avviser undergraving, kommersialisering og markedsorientering av våre velferdsordninger.