Av Helene Bank, For velferdsstaten
Innlegget stod på trykk i avisa Hordaland 26.11.2014
I samband med at DebattVoss arrangerte debattmøtet ”Er etisk handel mogleg?”, undersøkte eg spesielt korleis innkjøpsreglane ga rom for hasteinnkjøp og tiltak i nødssituasjonar. Det er overraskande at styresmaktene ikkje gjer den jobben, og gir råd til kriseramma kommunar, som vert stadig fleire og stadig meir omfattande.
Før 1995, med EØS og Verdshandelsorganisasjonen, vart det både plikt og mogleg for styresmaktene på alle nivå, å bruke skatteinntektene på ein måte som ga mest mogleg heilskap. At det vert oppretthalde lokale næringar og skapt lokal sysselsetjing. Samstundes førte ein slik politikk til at skattepengane sirkulerte ekstra gongar i lokalsamfunnet. Det vart døme på korrupsjon, det er rett, men det var fleir døme på godt lokalt utviklingsarbeid gjennom offentlege innkjøp. I USA er framleis slik politikk mogleg. Dei har ein ”Buy American Act”, som samstundes gjev høve til å sikre sosiale og miljømessige innkjøp lokalt.
I Noreg har vi ikkje direkte slike høve. Offentlege innkjøp er regulert etter strenge reglar. Likevel finst det meir handlingsrom enn det administrasjonen i våre kommunar vert fortald på kurs av KS og departement. Spesielt no, når flaumpengar frå staten vert gitt til å dekke skadar, men ikkje til å oppgradere vern og installasjonar mot 500-årsflaumar, er heilskapelege innkjøp naudsynte.
Voss kommune har fått kritikk tidlegare, og kontrollutvalet i kommunen har kravd tiltak for å hindre gjentaking. Faren er imidlertid at det skapast angst for feilsteg, som hindrar heilskapelege og rasjonelle innkjøp og investeringar. For det finst handlingsrom i ”Lov om offentlige anskaffelser”, både til å gjennomføre raske innkjøp og til å finne løysingar slik at det tas lokale, miljømessige og sosialt etiske omsyn.
Difor tilrår eg dei flaumramma kommunar å skrive til statsråden der de legger fylgjande unntak til grunn:
- Innkjøp under terskelverdi (500 000 kr) vert gjort på enklaste måte.
- I Lov om offentlige anskaffelser (§ 19-5) er det mogleg å gjere hastevedtak når ein vert råka av uforutsette hendingar, som det ikkje kunne vore planlagt for. Dette vert brukt der det er naudsynt for å få fortgang i umiddelbar renovering.
- I samband med finanskrisa i 2009 laga regjeringa eit kriseunntak, som vart godkjend i EU. Det ga høve til kortare fristar for offentlege innkjøp. Same unntak bør kunne verte gjeldande for flaumramma kommunar. Vidare har forsvaret spesielle reglar for innkjøp, knytt til nødssituasjonar. I og med at kommunane har ansvar for lokal tryggleik og beredskap, bør dei kunne bruke same prinsipp for innkjøp som Forsvaret ved slike høve.
For øvrig vil eg minne om at å gjere oppgåva i eiga kommunal regi, og i samarbeid med andre kommunar som har kapasitet til å bistå – med betaling basert på kommunale kostnader, er fullt lovleg. Det er òg lov å tilsette prosjektmedarbeidarar for å gjere eit avgrensa arbeid knytt til flaum, flaumsikring og planlegging. Med offentleg eigenregi vert kunnskap og erfaringar att i kommunane framfor å bli verande i konsulentselskapa. Det er òg enklare med eigenregi å sikre at det ikkje skjer sosial dumping og uetisk framferd, og at lokale ressursar i størst mogleg grad sirkulerer lokalt.
Handlingsrom for kommunal pengebruk, utan å verte bundet av vanleg tolka retningslinjer for Lov om offentlige anskaffelser, er stort. Døme og metodikk, basert på rettsutviklinga, er samla i publikasjonen ” Ta tjenestene tilbake» som fins på www.velferdsstaten.no.
Så gode kommunestyrar, spørr om handlingsromet, slik at innkjøp og investeringar kan kome kommunen og innbyggarane til gode flest mogleg gangar.